Bygg og anlegg er den store vinneren

Ungdom i Hordaland søkjer seg til bygg og anlegg som aldri før. Bygg og anlegg er den store vinnaren
455 elevar, som skal byrje på vidaregåande skule, satsar på utdanning innan bygg- og anleggsbransjen. Det er 70 fleire enn i fjor.

image

Mange ønskjer å jobbe innan bygg- og anleggsbransjen, her frå Voss vidaregåande skule.

Svært gledelege tal
– Dette er svært gledelege tal. Bygg- og anleggsbransjen har slitt i nokre år med søknadstal på veg nedover. No ser det ut til at denne trenden er i ferd med å snu. Bygg- og anlegg omfattar mange ulike fagbrev og er svært viktig for næringslivet og samfunnet, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Auke på 20 prosent
Auken i interessa for bygg- og anleggsfag er på heile 20 prosent. Dette går fram av dei førebelse søkjartala til vg1 i Hordaland.  Andre vinnarar, hos elevane som skal byrje på vidaregåande skule, er idrettsfag med ein auke på 45 elevar, media og kommunikasjon med ein auke på 25 elevar og helse- og oppvekstfag med ein auke på 21 elevar.

Redusert oljeaktivitet
Den yrkesretta utdanninga som har opplevd størst nedgang er teknikk og industriell produksjon (TIP) med 23 prosent. Linja har 242 færre søkjarar enn i fjor med ein nedgang frå 1057 til 815 søkjarar.
Teknikk og industriell produksjon er grunnutdanninga for oljebaserte fag. Nedgangen kan forklarast med reduksjon i oljeaktivitetane.

Høg kvalitet
– Med atterhald om at tala enno er ferske, og treng meir bearbeiding, ser det ut til at søkjartalet held seg stabilt for den fylkeskommunale vidaregåande skulen. Det tek vi som eit signal om at våre skular held høg kvalitet og at tilbodet freistar dei unge, seier fylkesordføraren.

Lite endringar
Elles er det lite endringar frå i fjor og svært stabile søkjartal til den vidaregåande skulen i Hordaland. Årskullet som går ut frå ungdomsskulen har auka med 86 elevar frå i fjor til 6289. Totalt har 7633 elevar søkt plass på vg1 i den vidaregåande skulen i Hordaland. Den enkelte søkjar får svar på tildelt skuleplass i byrjinga av juli.
Www.hordaland.no

Legg inn en kommentar