Signerte lærekontrakt etter eit halvt år på skule

– De må love å gjere så godt de kan. Eg håpar å sjå dykk att under tildelinga av fagbrev om nokre år, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen til dei 29 nye elevane på vekslingsmodellen. No har dei fått lærekontrakt og skal ut i lære etter eit halvt år på skulebenken.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen gratulerte alle elevane på vekslingsmodellen som har fått lærekontrakt, her med dei 20 elevane på helse- og omsorgsfag ved Olsvikåsen videregående skole som har fått lærekontrakt med Bergen kommune.
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen gratulerte alle elevane på vekslingsmodellen som har fått lærekontrakt, her med dei 20 elevane på helse- og omsorgsfag ved Olsvikåsen videregående skole som har fått lærekontrakt med Bergen kommune. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Skal bli tømrar
I staden for to år på skule og så to år i lære, vekslar elevane på vekslingsmodellen mellom skule og lære dei fire åra fram til fagbrev.
– Eg visste at eg ville byrje på vekslingsmodellen, for eg vil bli tømrar, men vil ikkje gå to år på skule før eg går i lære. No får eg mykje meir praksis i byrjinga. Eg har hatt to prøveveker. Planen er å ta fagprøve, seier Martin Byrknes frå Askøy.

Nøgd med lærlingen
Byrknes er elev på vekslingsmodellen ved Slåtthaug videregående skole og fått lærekontrakt med Askøy Byggsenter AS.
– Vi er svært nøgde. Dette er den første lærlingen vi får med vekslingsmodellen, seier byggmeister Bjørn Jakobsen i Askøy Byggsenter. Dei neste 3,5 åra skal Martin Byrknes veksle mellom læretid i firmaet og undervising i tømrarfaget ved Slåtthaug videregående skole.

– Eg visste at eg ville byrje på vekslingsmodellen for eg vil bli tømrar, seier Martin Byrknes som har fått lære-kontrakt med Askøy Byggsenter AS og byggmeister Bjørn Jakobsen.
– Eg visste at eg ville byrje på vekslingsmodellen for eg vil bli tømrar, seier Martin Byrknes som har fått lærekontrakt med Askøy Byggsenter AS der byggmeister Bjørn Jakobsen også jobbar.

Spennande
– Det blir spennande å følgje elevane gjennom vekslingsmodellen til gode fagarbeidarar, seier rektor Liv Rønning ved Slåtthaug videregående skole.

Interesse og motivasjon
Inge Bauge, dagleg leiar i Byggmestrenes Servicekontor AS, har formidla lærekontraktane.
– Dette er positiv ungdom. Dei har vist interesse og motivasjon for faget. Etter 3,5 år i lære reknar eg med at dei får ei trygg framtid. Om 10 år vil det bli behov for 30.000 nye fagarbeidarar, seier Inge Bauge.

Ikkje fråfall
Ni tømrarelevar ved Slåtthaug videregående skole har signert lærekontrakt. Ved Olsvikåsen videregående skole har 20 elevar fått lærekontrakt, 10 i helsearbeidarfaget og 10 i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Rektor
Inger Lise Thorstensen er stolt.
– Vi har mange flinke elevar. Vi ser at både det første og andre kullet har svært gode resultat. Det er flott at det går så bra. Vi har ikkje hatt fråfall på vekslingsmodellen til no. Alle er framleis med, både det første og det andre kullet. Vi er glade for at det er så gode resultat. Lærarane berre skryt av elevane. Det er slike elevar vi vil ha, seier rektor Inger Lise Thorstensen.

Fire elevar som veit kva dei vil: Jobbe med unge og eldre i Bergen kommune. Dei skal gå 3,5 år i lære på sju-keheimar og barnehagar og ta fagbrev: Mia Stjernen (f.v.), Rebekka Hansen, Benedikte Yddal og Henriette Norvalls.
Fire elevar som veit kva dei vil: Jobbe med unge og eldre i Bergen kommune. Dei skal gå 3,5 år i lære på sjukeheimar og barnehagar og ta fagbrev: Mia Stjernen (f.v.), Rebekka Hansen, Benedikte Yddal og Henriette Norvalls.

God sjanse til fast jobb
Bergen kommune har skrive lærekontrakt med alle 20 elevane. Dei går no i lære i institusjonar, sjukeheimar og barnehagar.
– Vi ønskjer oss tilsette med fagbrev, og det får desse 20 elevane. Å ha tilsette med fagbrev er viktig for Bergen kommune. Vi vil helst ikkje ha tilsette utan fagbrev. Framover har vi behov for mange innan helse og omsorgsfaget. Elevane har gode sjansar til å få fast jobb i kommunen, men eg kan ikkje love dei jobb, seier Marie Støldal i Bergen kommune, avdeling helse og omsorg.

På sjukeheim
Rebekka Hansen er ei av dei 20 som har fått lærekontrakt.
– Eg visste kva eg ville og har fått lærekontrakt på ein sjukeheim. Eg har alt vore tre veker i praksis. Det har gått fint. Eg hadde trudd at det var verre å byrje i jobb, seier Rebekka Hansen.

http://www.hordaland.no/Aktuelt/Nyhende/Signerte-larekontrakt-etter-eit-halvt-ar-pa-skule/

Én kommentar til «Signerte lærekontrakt etter eit halvt år på skule»

Legg inn en kommentar