Stor suksess for ny læremodell på yrkesfag

Vi hadde lyst å bli frisør og ville så raskt som mogeleg ut i bedriftene, seier Isabell Nygård Heidal og Gisela Aase Skiple. Måndag 1. februar gjekk 49 elevar over frå å vere elev til å bli lærling, etter berre eit halvt år på vidaregåande skule.

Årstad videregående skole får dei første elevane på vekslingsmodellen i frisørlære: Utdanning over fire år med veksling mellom skule og lære. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Årstad videregående skole får dei første elevane på vekslingsmodellen i frisørlære: Utdanning over fire år med veksling mellom skule og lære. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Veksle mellom skule og lære
Vekslingsmodellen har vore ein stor suksess på yrkesfag i Hordaland. I staden for å gå ordinært to år på skule og så to år i lære, får elevane kome ut i lære alt etter det første halvåret. Dei vekslar mellom skule og læretid til dei tek fag- eller sveinebrev etter fire år. Dei første 15 frisørelevane i Hordaland går no vekslingsmodellen. Bygg og anlegg, barne- og ungdomsarbeider og helsearbeidarfaget har prøvd den i to år.

Veit kva dei vil bli
Elevane på frisørlinja ved Årstad videregående skole ser fram til å gå ut i lære.
– Vi har det kjekt på skulen, men vi vil ikkje bli på skulen heile tida. Vi veit kva vi vil bli, så det er kjekt å byrje tidleg i lære, seier Isabell Nygård Heidal og Gisela Aase Skiple.

Fint å få løn
15 elevar ved Slåtthaug videregående skole gler seg til å byrje i tømrarlære etter vekslingsmodellen.
– Vi visste kva vi ville bli. Det er fint å kome tidleg i jobb, og no får vi løn. Det er ekstra motivasjon, seier Sondre Holmseth, Sivert Kleppe Hagebø, Daniel Instebø, Victor Skansen og Joro Panyanasonty.

– No får vi løn. Det er ekstra motivasjon, seier Sondre Holmseth, Sivert Kleppe Hagebø, Daniel Instebø, Victor Skansen og Joro Panyanasonty som startar i tømrarlære etter vekslingsmodellen.
– No får vi løn. Det er ekstra motivasjon, seier Sondre Holmseth, Sivert Kleppe Hagebø, Daniel Instebø, Victor Skansen og Joro Panyanasonty som startar i tømrarlære etter vekslingsmodellen.

Stort behov
Inge Bauge, dagleg leiar i Byggmestrenes Servicekontor AS, seier behovet for lærlingar innan tømrarfaget er stort.
– Med vekslingsmodellen har vi fått betre rekruttering. Vi har fått ein auke i søknaden på 20 prosent. Vi treng ungdommen, og vi treng å få dei tidleg ut i bedriftene. Etter at vi fekk vekslingssmodellen har vi aldri hatt eit så godt samarbeid med skulen. Vi har fått telefonar frå foreldre som har fått «nye» ungdommar som gler seg til å gå på skule og jobb. Vi har kø hos vore bedrifter etter lærlingar. Då vi starta, hadde vi 30 bedrifter som ville ha dei 15 lærlingane. Det er ein suksess frå ende til annan. Eg har stor tru på at det er vekslingsmodellen vi skal ha i framtida, seier Inge Bauge.

Vaksne og modne
Rektor Inger-Lise Thorstensen ved Olsvikåsen videregående skole kan skrive under på dette.
– Vi har kjempegod erfaring. Dei som går vekslingsmodellen er attraktive på arbeidsmarknaden. Dei er vaksne og modne. Dei lærer tidleg å ta ansvar og har lite fråvær. I praksis får dei betre forståing for det dei lærer i teori. Dei kjem tilbake til skulen og er motiverte for teori som dei ser at dei har behov for, seier rektor Inger-Lise Thorstensen.

Det tredje kullet med lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget er i gang ved Olsvikåsen videregående skole.
Det tredje kullet med lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget etter vekslingsmodellen er i gang ved Olsvikåsen videregående skole. Avdelingsleiar Therese Kleppestø (bak t.h.) og kontaktlærar Kjersti Sandvik (framme t.v.).

Tredje kullet
Olsvikåsen videregående skole går no i gang med tredje kullet med 11 barne- og ungdomsarbeidarar og åtte på helsearbeidarfaget. Alle har fått lærekontrakt i Bergen kommune. Innan desse to faga er vekslingsmodellen på Olsvikåsen i ferd med å bli like stor som dei som tek utdanninga på ordinært vis. Neste skuleår får skulen 80 elevar på vekslingsmodellen og 105 på ordinær utdanning med to år på skule og så to år i lære.
–  Vi treng begge utdanningsløpa fordi ikkje alle veit kva dei vil bli når dei byrjar på vidaregåande skule, seier rektor Thorstensen.

Må ha begge
Iren Frantzen, programfaglærar på frisør på Årstad videregående skoler er samd i det.
– Ja takk, begge delar. Vi har 15 flinke og flotte lærlingar på vekslingsmodellen og 30 flotte og flinke elevar på vg2 som skal ut i frisørlære til hausten. Vi må ha begge utdanningsløp, seier Iren Frantzen.

Spennande samarbeid
Rektor Inger Morken ved Årstad videregående skole er glad dei prøver nye utdanningsvegar.
– Dette er første gongen vi prøver vekslingsmodellen. Samarbeid med bedriftene gjer dette spennande. Vi har hatt lyst til å gjere dette lenge. La elevane komme tidlegare ut i bedriftene og kjenne det ordentlege arbeidslivet. Vi trur at dette er vegen å gå, seier rektor Inger Morken.

– Fag- og sveinebrev er eit gullkanta papir i arbeidslivet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun med lærling-ane Joro Panyanasonty (t.v.) og Sondre Holmseth som om tre og eit halvt år skal ta sveinebrev i tømrarfaget.
– Fag- og sveinebrev er eit gullkanta papir i arbeidslivet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun med lærlingane Joro Panyanasonty (t.v.) og Sondre Holmseth som om tre og eit halvt år skal ta sveinebrev i tømrarfaget.

Eineståande spleiselag
Fylkesordførar Anne Gine Hestetun seier at det er jobben til politikarane å legge til rette for best mogeleg utdanning.
– Samarbeid med bedriftene er viktig. Dette er eit eineståande spleiselag. I dag blir elevane lælingar. Det er heilt avgjerande å få lærepraksis. Fag- og sveinebrev er eit gullkanta papir i arbeidslivet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Stolte
Byråd Dag Inge Ulstein seier Bergen kommune er ein av dei største opplæringsbedriftene i Hordaland.
– Noko av det viktigaste vi gjer, er å få gode faglærte innan dei ulike faga. Vi har hatt 60 lærlingar på vekslingsmodellen, og vi har nesten ikkje fråfall. Dette blir det tredje kullet. Vi er stolte av lærlingane. Dei er viktige for kommunen og fylket, og dei er gode ambassadørar for fagfeltet sitt, seier byråd Dag Inge Ulstein.

Garantert læreplass
Lise Ramsøy ved Frisørfagets opplæringskontor og Norske Frisør- og Velværebedrifter seier dei har svært godt samarbeid med Årstad videregående skole.
– Frisøryrket er eit stort fag, og det er behov for frisørlærlingar. Vi har garantert at alle får læreplass. Vekslingsmodellen er ein svært god skule. Praksis og teori går hand i hand. Elevane viser trivsel, motivasjon og har lite fråvær, seier Lise Ramsøy.

http://www.hfk.no/Aktuelt/Nyhende/Stor-suksess-for-ny-laremodell-pa-yrkesfag/